Wednesday, May 24, 2017



Eg elskar denne filmen.

Monday, May 22, 2017

Såg på Tony Robbins. Mykje godt å hente der, ein del jalla også, men...ja. Av og til kan fagverda også bli for snever, og blocke ut viktige ting. Uansett. Han snakka om energi. Om at ein kunne tenke på visse måtar, og opptre kroppsleg på visse måtar, og reagere på visse måtar, for å få energi. Åpenbart er det noko her. Då eg var på Sundfør-konsert i fjor, kjente eg djup glede, eg berre stod og smilte då eg høyrde Gard N. spele trommer og Sundfør spele synth. Eg smilte lenge. Eller då eg var med hundar i går. Då får eg energi, og kjenner på djup glede. Et cetera.

Så han sa: "Tenk på ein gong du kjente deg skikkeleg glad, så du lo og lo så det kom ting ut av nasen din. Tenk på det, du har sikkert opplevd det ein haug med gonger." Eg tenkte: "Nei. Eg har ikkje det. Eg lo ekstremt då eg såg Grimsby. Før det har eg knapt gjort det, i mitt vaksne liv." Grimsby, ja. Eit godt teikn. Før ville eg kjent på frykt for helvete for å le av noko slikt.




Haha, kva kan ein seie. Ja, kva kan ein seie. [Ja, kva SKAL eg seie?] Det er jo drøyt. Og så heftig morosamt. DÅ lo eg. Det var genuint.

Neija [kvifor byrjar eg neste setning med å seie "neija?"], så Robbins sa. "Tenk på ein gong du kjente deg skikkeleg stolt!" Eg tenkte: "Hm. Når er det, då? Uhm. Eg veit ikkje heilt." Ja, Bibelen seier jo at det er ei synd å vere stolt. Gud står dei stolte imot. Ein skal vere audmjuk. Setje seg sjølv lågt. Et cetera, et cetera.

Robbins sa: Tenk på ein gong du kjente deg skikkeleg takknemleg! Eg tenkte: "Hm. Ja, eg klarer vel det, eg veit ikkje. Hm." Joda, eg kunne nok klare det. Men. You get the point, perhaps.

Ein kan døyve éi kjensle. Så døyver du alle. Dette er eitt døme på traumatiseringsprosessen i fundamentalistisk/"bibeltru" kristendom. Litt som dette [Nei, Hallvard. Ikkje "litt". MYKJE]:







Og skulle eg vere genuin her, ville eg seie: "F***ing crank it up!!!" Og, ja. Kva kan ein seie. ["Inga roten tale ut av munnen dykkar!" Så døyvar ein også kjenslene som denne talen uttrykker. Det er eit slags dilemma her. No intellektualiserer eg. Mykje greiare og tryggare, det, enn å uttrykke kjensler. Chopping off half of your personality]






Ein kunne tenke at dette er New Age mumbo jumbo. Men eg trur ikkje nett det. [Kvifor kunne eg ikkje berre seie: "Dette er fett!" Fordi eg kunne vill-leie nokon til å fylgje ei retning som ikkje er vitskapleg og from, spirituell. Ein må passe seg. Ingen falske profetar, og ein må tale sanning. Etc. Så hindrar ein spontane uttrykk.]

For ordens skuld [sjølvsagt må eg seie det], så meiner eg ikkje at alle kristne er som meg her, eller at kristendomen nødvendigvis gjer at du blir slik.
Kresser refererer forskning som viser at inflammasjon i kroppen er korrelert med depresjon. Og han skriv at inflammasjon kan vere ei viktig årsak til depresjon. Eg har mykje sympati for dette innspelet.
Oh to be in England. Driv og ser på moglegheiter for sumarskule i England. Veldig interessant. Det skjer så heftig mykje interessant i England, av kurs, skular, konferansar. Dei er heldige.
Morosamt på bloggen for tida. Det er delt på midten med "likar" og "likar ikkje". Då må eg vel ha gjort noko rett.

Eg såg på nokre artiklar om helvete. Ein frå "iTro", frå 2013. Der stod det at domen var noko positivt, eit uttrykk for at "Gud elskar sitt skaparverk" og vil ta oppgjer med det vonde. Eg tenkte: "Ahh, typisk apologetisk skjønnmåling av tekstane." Eg scrolla opp. Forfattar: Hallvard N. Jørgensen. Hehe. Hjarta hoppa nesten i meg då eg såg det. Ja. Døm ikkje, for at du ikkje sjølv skal bli dømt etc.

Eg såg ein annan artikkel. Av ein ven av meg. Om helvete og dom. Der var det referert CS Lewis' klassiske argument: Den som veljer bort Gud frivillig, kjem til helvete. Eit interessant apologetisk grep. Det finst også ansatsar til dette i evangelietekstane, at domen er eit resultat av å velje bort Gud, eller å velje bort Jesus som konge. Men i det heile er det apologetikk, dvs. det framstillast ofte som "det tekstane seier", men tekstane er meir rå. Helvete er til dømes "Guds hemn", "Guds vreide". Det er Guds aktive handling. Ja, "Gud" - berre så det er sagt.

Så også innan evangelikalismen skjer det ofte ein slags...hm..."systematisk" departure frå tekstane.


What about the fear that this will lead to relativism? Is there value in each community pursuing its own path?

I think that's the best way, even though I can't do it.
Catholics in England have been so vile to me over the years that I don't feel like I can go back to the church. I can't become Anglican, though, because in England Catholics never feel quite English, and Anglicanism is a celebration of being English as far as I can see. Islam and Buddhism are out of my culture, too.
I don't recommend my course to anybody else. This is just the result of my own personal, troubled religious history, and I healed myself by studying other faiths.
I think it's best to stay with your own because all the religions teach the same thing-compassion. Stress those aspects of tradition that speak of compassion and practice and humility and openness.
Religion is a practical form of knowledge. You learn by doing it, like dancing or driving or swimming. You can't learn to swim by reading a text; you just have to get into the pool and flap around until you acquire the knack. It takes years of disciplined, dedicated hard work before a dancer can move with grace, but if she works at it, she can take human movement into a new sphere.
Religion does the same, and in all the traditions you adopt a disciplined way of life and take part in rituals that teach the mind to go deeper than the rational level. Religious truth makes no sense unless you put it into action. It remains as dry and abstract as the rules of a board game, which sound incredibly dull and incomprehensible until you pick up the dice and play.
Karen Armstrong has met atheist Richard Dawkins a number of times. "He doesn't like me, and I don't like him much, but we are British, so we smile politely and exchange pleasantries," she says. "We have been on panels together, but it's absolutely pointless."
Indeed it's difficult to argue with the ideas she's put forth in her new book, The Case for God. While her critics may say that she never "proved" her case, this is her point-God isn't a concept to be proved.
She's come to her understanding-or acknowledgment of her lack of understanding-of God over a lifetime of religious experiences. As a young Catholic desiring to experience God, she joined the Society of the Holy Child Jesus and spent seven years in the convent. She left disappointed and sick, and rejected faith. "I never thought I'd come back to religion, but what brought me back was the study of other faith traditions," she says.
The author of more than 20 books, Armstrong says her spiritual practice is now study, which she likens to the practices of Benedictine monks. "When I'm sitting at my desk, I will get moments of awe and wonder and transcendence," she says.
Forskning er sjølvutforsking, seier Kolk (takk for henvisninga, Joakim). Det er i regelen sant. Eg er veldig "intrigued" av Robert Wright. Vaks opp som sørstatsbaptist. Skreiv bok om moral og evolusjonspsykologi. Skreiv bok om generell evolusjonsutvikling og menneskeslekta sin skjebne, og kva rolle Gud kan spele i dette. Skreiv bok om evolusjonen av gudsforståinga. Kjem no snart med ei bok om nytta ved buddhismen. Bra. Sjå youtube for Princeton-forelesningar om sistnemnde tema.

VELDIG fint med kosete og livlege hundar. Border Collies er kjempegode.